Uansett hvor du bor i Bergensområdet, kan du finne et orkester som passer deg.

 

 

 

Hovedsponsor

Ung Symfoni:

 

Hovedsponsor Sommerskolen:

Grieg Foundation

 

 

Jostein Stalheim har laga eit nytt verk for Ung Symfonisom vart urframført i april 2005, men  verket kjem til å fylgje Ung Symfoni neste sesong og. 

Jostein om verket:

Sju går att i stykket på mange vis: septimen er viktig som klang og melodisk intervall, mykje går i sju takt, det er sju hovuddelar som vekslar frå det naive og lyriske til det støyande og burleske, orkesteret er delt inn sju kontrasterande grupper og stykkert varer (ca) 3 x 7 minutter. Det er også eit poeng å introdusera forskjellige speleteknikkar som t.d, col legno, stryke bak stolen, glissando. Støy og mikrolydar er ingredienser på lik linje med tradisjonell musisering i denne rapsodiske forma; likeeins improvisatoriske element og enkelte solo-innslag.

Eg har lenge arbeidd med rørsle som ein del av det musikalske uttrykket, difor er scenisk musikk og spesielt ballettmusikk ein sentral del av min produksjon med ballettar som t.d. "Kast", "Alrekr", og "De ville svaner". Det er også viktig i strykekvartettene og strykesekstetten der eg arbeider med imaginære partier; musikarane ser ut som dei spelar, dei røre på seg, men utan å laga lyd.

Dette grenselandet utforskar eg og i TANCHOREIÀRDÀSTEV der eg skiftar mellom ulike kjenningar til annen musikk; både min eigen og andre sin. I skiftinga mellom det klare og utydelege, mellom det agiterande og dvelande søkjer eg ei spenning der musikarane og publikum sine referanser vert rørd ved. Allusjonar til cardas, be-bop, stev, vossarudl og anna musikk er sett saman slik at dei ulike motiva vert kasta fram og attende mellom minner og assosiasjonar. På mange vis eit teaterstykke der kontrastar spelar mot kvarandre og der musikarane spelar ulike rollefigurar; som i eit gresk drama der det vekslar mellom forteljande spel og kommenterande kor (choreia).

Nyskriven og uhøyrd musikk set krav til nye lytteteknikkar; både hjå musikarar og publikum. Det fins få sitat i verket (som t.d. stevet frå Setesdal), men det er mange hentydningar til noko ein har høyrt før. I skjæringspunktet mellom å kjenna att og å verta overraska ville eg lage eit verk som speglar den flotte gjengen med musikarar i Ung Symfoni som skaper så mykje god levande musikk!